Sjølvbetening

Elektroniske tenester (tekstkonsultasjon, videokonsultasjon, reseptbestilling) er frå og med 8.april 2020 via Helsenorge.no. Tidlegare var dette via Besøklegen.no (no deaktivert). Linkane (dei grøne knappane med ‘ePortal’) her på sida er oppdaterte til Helsenorge. Innlogging der skjer som før ved hjelp av BankID. Det er ikkje naudsynt å registrere seg dersom du har vore innlogga på Helsenorge.no før, men du må ha fastlege i Ørsta og eventuelt oppdatere samtykke for tenesta på Helsenorge.no

 

Veiledning for bruk av digital dialog med fastlege på helsenorge.no: https://www.nhn.no/media/2888/digital-dialog_steg_for_steg-1.pdf

 

Nytt frå april 2020: Elektronisk reseptbestilling. Du kan no be om fornying av faste medisinar eller behovsmedisinar du har frå før, via Helsenorge.no (jf over). Dette gjer mellom anna at du slepp telefonkø. Hugs at du kan halde oversikt over reseptane dine på Helsenorge.no (hurtiglink www.mineresepter.no)

 

Nytt frå mars 2020: E-konsultasjonar og videokonsultasjonar.

  • Ved å logge inn på Helsenorge kan du no starte e-konsultasjon med fastlegen din. Dette er skriftleg, elektronisk kommunikasjon. Vi oppfordrar til bruk av elektroniske tenester, spesielt under den pågåande epidemien, for å begrense smittefare.
  • Standardtekst om e-konsultasjonar: “Still et medisinsk spørsmål til fastlegen din. Du betaler samme egenandel som ved vanlig legetime. Ved fravær kan meldingen bli lest og besvart av annet helsepersonell ved legekontoret. Du vil bli kontaktet senest innen fem arbeidsdager.”
  • På same nettstad (Helsenorge) kan du bestille time, byte fastlege, mm. Instruksjonsvideo på https://vimeo.com/194981142.
  • Du kan motta brev frå fastlegen på Helsenorge.no, dersom du har samtykka til dette på Helsenorge.no (klikk for info).
  • Videokonsultasjon er også mogleg med dei fleste legane. PC/Mac/smarttelefon som nyttast må ha kamera og mikrofon. Du treng ikkje ‘app’ eller anna programvare – du får tilsendt ein link som tek deg vidare til konsultasjonen.
  • e-konsultasjonar og videokonsultasjonar fakturerast på same måte som vanlege konsultasjonar. Telefonkonsultasjonar som erstattar konsultasjon på kontoret vil også kunne fakturerast som konsultasjon.

 

Sjå reseptar: Dersom du er usikker på om du allereie har gyldige reseptar, kan du vitje mineresepter.no. Nettsida krev Bank-ID (kodebrikke, eller Bank-ID mobilapp) for å få tilgong.

 

Bestille reseptar: Per april 2020 kan du sende forespørsel om reseptfornying via Helsenorge.no, jf Sjølvbetening. Merk at dette gjeld fornying av faste medisinar eller behovsmedisinar du har frå før. Dette gjer mellom anna at du slepp telefonkø.

 

Skifte fastlege: På Helsenorge.no kan du sjølv skifte fastlege og sjå kva legar som har ledige plassar.


LoggInnHN