INFORMASJON

Velkomen til Ørsta Helsesenter!

 

100621: Om covidvaksina frå Janssen: Legar ved Ørsta Helsesenter vil følge anbefalingar frå helsemyndigheitene, og skriv per no ikkje ut resept på denne vaksina.

 


.

Viktig info ang telefonkonsultasjonar (gjeld f.o.m. 190820): Medisinsk rådgjeving og ev. påfølgande resept/tilvising osb. over telefon fakturerast på same måte som fysiske konsultasjonar. Dvs. at ved ynskje om å prate med lege per telefon må ein rekne med å verte fakturert for dette. Kapasitet for fysiske konsultasjonar er redusert, og mykje kan løysast på tlf (ev. video). Jf. også info under “Sjølvbetening”.

.


VIKTIG ANGÅANDE CORONAVIRUS COVID-19:

 

Ang testing og teststasjon:

For timebestilling; sjå https://www.volda.kommune.no/beredskap/testing-av-covid-19-koronavirus/
Adressa er Langemyra 3, Hovdebygda i Ørsta. (Følg skilting til Trafikkstasjonen/Biltilsynet i Hovdebygda). Lokalet er i samme bygg som Glasverkstaden. Det er felles interkommunal teststasjon i samarbeid med Volda kommune.

 

Det er viktig at alle held seg heime til dei har fått svar om negativ koronatest OG er symptomfrie/god almenntilstand. Det gjeld eigne reglar for folk som er i karantene (karantenetida gjeld uansett kva testresultatet viser).

 

Sjå samleside for Koronaviruset på Ørsta kommune sine sider: https://www.orsta.kommune.no/beredskap/koronaviruset

 

Generelt ang koronavirusepiedemien, karantene, isolering, testing osb: Sjå oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 


 

 

Ørsta Helsesenter gjer endringar på fleire område ifm covid-19-epidemien (sist oppdatert 101120):

  • Dersom du har symptom frå luftvegane er det viktig at du ikkje møter personleg på legesenteret. Ta kontakt via telefon på førehand for nærare avtale. Ved akutt, alvorleg sjukdom ring 113, ev. legevakt 116117.
  • Inntil vidare er det ikkje mogleg å bestille legetimar via Helsenorge.no, dette for å kunne prioritere best mogleg i ei periode der ein må redusere risiko for smittespredning i samfunnet. Ein vil kunne kontakte fastlege per telefon, som vil vurdere om det er naudsynt med fysisk time, eller om det kan avklarast per telefon eller video (sjå under).
  • Det vert for tida heller ikkje sendt ut SMS-påminning om time.
  • Ver budd på å måtte vente utanfor, då det er begrensa kor mange som kan vere inne på legesenteret samtidig. 
  • Det vert lagt til rette for e-konsultasjonar (elektronisk, skriftleg konsultasjon – sjå Sjølvbetening), og video-konsultasjonar med dei fleste legane, slik at ein ikkje treng å møte på legesenteret. Dette også for å redusere smitterisiko. Vi oppfordrar til bruk av elektroniske tenester via HelseNorge.no (jf under).

 


 

Elektroniske tenester (tekstkonsultasjon, videokonsultasjon, reseptbestilling) er frå og med 8.april 2020 via Helsenorge.no. Tidlegare var dette via Besøklegen.no (no deaktivert). Linkane (dei grøne knappane med ‘ePortal’) her på sida er oppdaterte til Helsenorge. Innlogging der skjer som før ved hjelp av BankID. Det er ikkje naudsynt å registrere seg dersom du har vore innlogga på Helsenorge.no før, men du må ha fastlege i Ørsta og eventuelt oppdatere samtykke for tenesta på Helsenorge.no. Sjå meir under Sjølvbetening.